søndag 1. desember 2013

Messseinnlegg!

Etter at siste messa for i år er avslutta, fekk eg jammen lyst å lage eit nytt innlegg på bloggen.
Dette er frå gårsdagen, og teke på føremiddagen. Etter kvart fekk mange av desse tinga (nissane) ein ny heim....kjempekjekt !
 Denne gongen stod eg ute i eit telt, noko som forklarar habitten og dei store støvlane (måtte ha plass til mykje ull under).
Men teltet vart oppvarma, so me leid ingen "nød".

 
                               Vil du sjå fleire bilete, gå inn på:http://www.vossnow.net/

                     Fin sundag til deg!


søndag 15. september 2013

Ein forsømd blogg...

 
Etter fullstendig bloggstopp i slutten av april, er det kanskje på tide å vekkje den til liv igjen.
Har verkeleg sakna blogginga, og kontakten med deko . Men sommaren har gått i fykande fart, ein fin, travel sommar.
No prøver eg igjen....:)
 
Bileta viser den nye pusen me fekk i hus tidligare i sommar og Tinka, som er litt tilvenjing er vorte gode vener. Når det gjeld historia om "gamlepusen", skal eg kome tilbake til den seinare:)
 (Alt er telefonbilde av heller dårleg kvalitet:)
                                                    God sundag kveld!


lørdag 20. april 2013

Ei ugle til pynt.....

 
.....og litt nytte.
Vel, nytteverdien kan vel diskuterast, men litt småting kan den romme.
 Mønsteret fann eg i dette bladet, som eg fall i freisting til å kjøpa  ein dag eg var innom Narvesen. Fleire fine idèar her........
                                Ein fin vårdag i dag, med heile 11 plussgrader....!
                                      God sundag i vente!

lørdag 6. april 2013

Rørande omsorg

 Denne veka har pusen vår vore sjuk, med oppkast og diarè....og fullstendig uten matlyst. Dyrlegen har kome til at det er ein infeksjon, og etter sprøyter med antibioteka (og no mikstur) er helsetilstanden betre......
Det eg eigentleg ville fortelje, er den rørande omsorga som Tinka viser. Ho skjønar at det er noko i vegen med pusen, legg seg attmed han, "pirkar" borti han med labben og sleikjer han. Utruleg fint å sjå!
(Elendig bildekvalitet,ja)
I kveld er han "tilbake" på krakken når me et kveldsmat, i håp om å få noko godt...Jau, han er nesten frisk att ;)
                                                     Ha ein fin sundag!

søndag 10. mars 2013

Eg har flytta.....

 ...ikkje akkurat ut av heimen, men har flytta sy/arbeidsrommet mitt. Hadde det minste rommet i huset + div. her og der. No har eg fått største soverommet og prøver å samle alt på ein plass. I denne flytteprosessen har eg gått gjennom alt eg har samla gjennom åra, av mønster,stoff,garn og div. anna, og hatt ein kritisk gjennomgang av alt, med tanke på at eg kanskje kunne kvitte meg med noko.Men da e'kje lett, so det meste blir med "vidare"....
Har òg sydd litt meir. Etter at eg viste rundpinnemappene, har eg fått  spørsmål frå fleire som  vil  kjøpe slike.  Tenkte at eg måtte  sy i litt forskjellige stoff,då.....



                                     Fleire er under arbeid...
                        God sundag i vente!

onsdag 27. februar 2013

Toalettveske

 I dag har eg hatt fri og storkosa meg på syrommet. Fått ferdig denne toalettveska.......
Må nesten vise baksida òg.....eit aldeles nydeleg stoff, kjøpt hjå "Trapp ned" i Førde. Motivet på framsida kjøpte eg på vestlandstreffet, men klarar ikkje hugse på kva butikk.
Fin onsdagskveld!

søndag 24. februar 2013

Litt for seint......eller altfor tidleg.

Eller var det slik at jula varer heilt til påske?
Desse julegrytelappane har eg pusla med i det siste.Hadde tenkt å lage eit par til meg sjølv før jul, men som vanleg hadde eg for store planer og dei var lagt vekk.


Men no er dei iallfall ferdige, og ikkje berre eitt par, men tre........kanskje vert det eit nytt messeprodukt, eller kanskje julegåve. Mønsteret er frå Drops design.
Ha ei fin, ny veke!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...