tirsdag 30. juni 2009

Eit (ganske) stort syprosjekt....

No kan du lure på kva prosjekt Trollkåno har teke i fèr med......er vel meir som eit oppdrag å rekne.

Kjøpte 10 meter stoff......

Deler opp i strimlar som er 3 cm breie......ca 33,3 stk pr. meter x 10 meter= 333 strimlar...

Brettar og syr siksak.....(har sydd 90 stk so langt..)..Stoffet er 140 cm breidt......


Desse strimlane vert so delt i fire.........

Kvar "strimmel" vert då ca 35 cm lang........

Eit par operasjonar gjenstår.....før det er ferdig.......
Og kva skal dette so brukast til??

Forts. fylgjer.....

søndag 28. juni 2009

Boksing og glasshjarte.....

I dag vil eg slå eit slag for boksesporten........(ikkje at eg spesielt interessert, heller tvert imot)....men er på jobb denne helga, og grunnen er nettopp boksing. Det vert arrangert treningsamling med økter i hallen.
Heldigvis skal dei vere her berre to timar i dag......vil gjerne ut i finvèret, eg òg....

Dette fann eg på Wikipedia:
Boksing er en av verdens eldste og best dokumenterte idretter. Den tidligste forekomst av dokumentasjon vi kjenner stammer fra hulemalerier i Etiopia og dateres til ca. år 8000 f. Kr. Vi kjenner til at egyptiske soldater ble opplært i boksing så tidlig som 4500 f. Kr.
Åja, jentene er sjølvsagt med.........dei drøymer vel kanskje om å bli like god som Cecilia....?
So over til noko heilt anna.......
Dette flotte glasshjarte vann eg i trekkinga på bloggen: Litt om alt.
Tusen takk!
Besøk denne bloggen og sjå meir av dei flotte smykka......


Då er bokseøkta snart over og eg kan reise heim i sola.........eller heller skuggen for min del.....iallfall midt på dagen.
Ha ein fin sundag!!!!!

fredag 26. juni 2009

Me driv med slåtten.....


...har gjort det ei stund og er ferdig med forhaustarslåtten.
I dag var me grytidleg oppe.....og fekk slege og raka ihop ein teig før jobb.....med den varmen me har no er det absolutt å føretrekkje.......godt å jobbe før sola steikjer....sjølv om me absolutt ikkje er nokon "morgonfuglar" til vanleg.
I dei bratte bakkane (som me har mest av) er det berre ein måte å få graset i hus (siloen) på:
Slå med maskin......
Svanse det ihop......
Rake......
Lesse det på traktoren.....

Køyre det i siloen....

Eigentleg ikkje rart at dette arbeidet tek det meste av sommaren......og ein kan til tider lure på kva tullingar me er som brukar all vår fritid på dette...
Kan godt innrømme: av og til (når den eine etter den andre reiser på ferie) er eg sur og lei..........men det går fort over..... heldigvis både for meg og bonden ( som takk og lov er av det tolmodige slaget).
For det er dette me vil drive med.......og når garden er nyslegen og alt er kome i hus.....då er me fornøgde, då!
Er nok av gardsbruk i dette landet som gror til!!
Med dette "visdomsordet" ynskjer eg alle ei super helg, den siste i juni!!

onsdag 24. juni 2009

Ein feriegjest.

Her kan du få helsa på Spragle som er komen på besøk til oss i kveld.......
Familien hans reiser på ferie i morgon og soleis gjekk det til at han kom........bur var ikkje noko problem, det hadde me frå våre eigne hadde kaniner.....(måtte berre ein liten ryddesjau til......buret vert mest brukt til blomsterpotter og div)
Ser ut som han har slege seg til ro....

Menyen skal bestå av( ifylgje barnebarna): Høy, brød, gulrot, salat (gjerne crispisalat) og vatn.
So veit me det......

Lussi er frykteleg nysgjerrig på dette nye dyret som er kome til gards...




søndag 21. juni 2009

Årets fyrste fjelltur.

..for å sjå etter sauene....og sjekka fjellbeita......
Tenkte de skulle få sjå litt av dei flotte fjella våre.....



Sauer i sikte?......jau, me såg nokon.......men dei var for langt vekke til å nå med kamera....

Desse tre kosar seg til fjells....

Godt med eit bad i friskt fjellvatn...



Fjellgarden Akslebjørg....


Ein fantastisk dag til fjells.....og neste gong skal me ha med telt og sovepose.....
Ha ei god veke alle!

lørdag 20. juni 2009

STOFF & STIL (endå ein gong)

I går var eg so heldig at eg kunne ta ein tur på STOFF & STIL (igjen). Eg seier heldig, fordi det er faktisk berre 3 slike butikkar i landet, nemleg i Drammen, Bergen og Trondheim.
Det vil sei at mange ikkje har høve til den opplevinga det er å gå der.....flott at ein kan kjøpe pr. postordre men det trass alt ikkje det same......
Synest dei er kjempeflinke å lage modellar, og dyktige dekoratørar gjer at ein vert skikkeleg inspirert til å ta fram symaskina....
I går hadde eg med kamera....og viser litt av utvalget.......







Ærendet mitt i går var å kjøpe dette stoffet......10 meter og 1500 m sytråd....til eit stort, tidkrevjande "prosjekt" som må vere ferdig til siste helga i august. Vil nok vise det når eg er komen godt i gang.....

Ein tur innom IKEA måtte me òg når me likevel var på dei kantar.......resultat av det besøket kjem òg seinare.......
Då ynskjer eg ei strålande helg til alle.......eg skal på sommarfest i kveld
Hei og hopp!!

torsdag 18. juni 2009

3 hundar og ein Rhododendron....

...får bli tema i dag.Bildet vart teke i sist veke....no er bløminga nesten over. Lussi, Tinka og Teddy vart kommanderte til å posere for å få litt inntrykk av størrelsen på "busken". Som ein tydeleg kan sjå hadde Tinka (i midten) nett hatt "gjørmebad" , som ho elskar.......ho er ikkje so glad i badet ho må ta etterpå!

tirsdag 16. juni 2009

Det blømer langs E16

Ikkje lett å konsentrere seg berre om det på vegen når det er so fine blomar utom........og slik er det fleire stader der eg køyrer kvar dag på jobb.
Heldigvis er det eit busstopp der det er aller vakrast.....som her eit par kilometer utom Voss sentrum.....( dumt å bråstoppe midt i vegen for å ta bilde..)
Her er mest lupinar, men òg prestekragar bl.a......


Flotte valmuer innimellom alle lupinane.....
Mange nydelege nyansar i fargane....

søndag 14. juni 2009

Nye hagemøblar

Sist veke var bonden på bytur......og på vegen heim var han innom Plantasjen og kjøpte nye hagemøblar.... har vore ei travel veke og pakkane har stått urørte........men i dag tidleg (truleg på grunn av det fine veret) bråbestemte bonden at møblane skulle monterast før frukost....



Det fins benk i same serie.....men den gamle bedehusbenken skal få "leve" endå ei stund.


Duk frå Kid.....


Vart litt puslete desse putene.....håpar Jysk har meir av rosestoffet og at eg får tak i skumgummi som passar......so skal det vel verte råd med noko betre.


Innviing med sundags frukost i dag....

Ha ei fin ny veke alle!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...