mandag 31. august 2009

Ein liten rapport frå helga....

Balkanfesten 2009 er historie.....ein fantastisk helg i striregnet.
Mange telt gjorde at ingen vart våte.......(om dei ikkje ville...)
Masse flott musikk og stor stemning.......

Og som du ser: dansing framfor scenen både dag.......

...og natt......det var folket frå Balkan som førde an i dansen.....trur dei har det meir "i blodet" enn oss trauste nordmenn.


Den største "attraksjonen" på festen....Marko Markovic, som saman med sine menn spelte fantastisk...

Sundag morgon var det tidleg opp for å reise til Nesbyen på Kjerringtorget, saman med to veninner. Faktisk var det sjette året på rad at me fekk det med oss.......som vanleg masse flott handverk å sjå...........




Ei hektisk og minnerik helg!
Og mandagen måtte berre bli "dagen derpå"......trøtt og tiltakslaus.......men i morgon, DÅ....

søndag 30. august 2009

Ein fantastisk dag.......

Ein liten rapport frå Balkanfest som starta i går kveld....regna har pøsa ned nesten heile tida.....men me har hatt flotte opplevingar likevel.

Grytidleg i dag var ein gjeng på plass for å sette opp telt og presenningar so me skulle stå turt under konsertane.Ein del av programmet føregjekk innandørs, som kyrkjekonserten med Loli Ruza, eit damekor frå Stuttgart....ein fargerik flokk med eit fantastisk program med sigøynermusikk...

.Mykje anna kunne vore nemnt, men no må eg sove litt.....i morgon tidleg ber det avgårde til kjerrintorget på Nesbyen.....der 250 damer stiller ut og sel sine produkt........rapport fylgjer.....god natt!

torsdag 27. august 2009

Me har pynta til fest.

I morgon kveld brakar det laus med Balkanfest i bygda vår....og i kveld har ein kjempestor dugnadsgjeng vore i sving. Scene er sett opp, eit stort telt til publikum er på plass, nokon har laga mat, andre reidd opp senger til musikarane, som alle skal bu her.... fleire har velvillig leigd ut husrom.....
Eg er (som i fjor) med i dekornemda.....saman med Hilde og Irene som driv Patina.
Synest det er kjekt å vere med å jobbe dugnad........og flott at det skjer positive ting i bygda vår......
Hilde har sydd ny vekommen-banner som heng tvers over gato.........



På serbisk...



Pynta med masse vimplar strekt opp mellom husa.......og scenen....... gamle lampeskjermar osv.........





Eit bilde frå i fjor...konsert med Gabriel Fliflet og Ole Hamre.....banneret bak på scenen sydde eg til den fyrste festivalen ....5,2 meter langt.

Me er klar for fest.........Åååå, det blir gøy!!!!

tirsdag 25. august 2009

Eg er eigentleg litt kry.......

....over geraniumane mine, rett og slett fordi eg har sådd dei sjølv. Pleier kjøpe ferdige plantar, men i vinter fekk eg ånden over meg og sådde ein del........var veldig spent på om eg fekk dei til.
Geraniumane har vokse fint, men dei blømer ikkje før no....veldig masse blad, men ikkje blomar.
Kanskje eg også her har vore for raus med gjødsel?........veit ikkje.
Eg sådde dei i begynnelsen av mars......og hadde håpa dei skulle bløme meir medan det enno var sommar....
sikkert nokon bloggedamer som kan gje gode råd om kva eg kan gjere annleis neste år?



Sorten heiter "Maverick star"

Ha ein fin kveld og hugs det nærmar seg Balkanfest!!!!
Kikk òg innom til Rosa Univers...der finn du meir "Balkanstoff!

lørdag 22. august 2009

Det store syprosjektet er ferdig......

...og her er resultatet........festivalarmband til Balkanfesten som går av stabelen i bygda vår neste helg.

Her skal mest mogleg vere heimelaga......


Ferdig sydde...ventar berre på låseringen......og som du ser: Her er mange......dei med orange merke skal vere billett for heile helga.

"Trykkeriet"

Siste operasjon er ferdig......Hurra!


No har eg vel fortjent eit gratis festivalpass?
Vil du lese meir om festivalen (og bygda vår)...sjå her.
Og velkomen neste helg.....me gler oss!

tirsdag 18. august 2009

Er det rart.....

....det ser slik ut..........med det vèret me har hatt dei siste vekene?

Solsikkene mine er pjuskete og ser slett ikkje ut som dei trivst.


....Her er mange nye knoppar....so det er enno håp...... om me får litt sol.


Vanskeleg å få graset "i hus " når det regnar kvar einaste dag, og litt motlause vert me til tider....
Men i kveld er det opphald.... kanskje me får køyrt nokon lass på siloen?
Me lever i håpet!

søndag 16. august 2009

Ridande Vossabryllaup

Eit ekte Ridande Vossabryllaup på Voss i går, der dei kom til kyrkja på hest.......berre so synd med det dårlege vèret.
Planer var å ri frå kyrkja til bryllaupsgarden, men det måtte avlysast på grunn av regnet.....ifylgje lokalavisa.
På sidene til Svein Ulvund, Voss now , finn du fleire bilder frå bryllaupet.


I dag regnar det (om mogleg) endå verre enn i går.....
Ha ein god sundag!

fredag 14. august 2009

På gamle trakter...

Ein tur til Førde har vore i tankane lenge.....og sidan det nærmar seg slutten på ferien, var det på tide. Vèret i det siste (lenge, faktisk) har vore elendig.........og slik har det vore på heile turen ......vindaugsviskarane har hatt travle dagar.
Tunge skyer over Sognefjorden.


Og det same over Angedalen......min barndoms dal.....

Heime hjå bror og svigerinne kosa me oss med fyr på utepeisen, mat og prat til langt på kveld......


Førde kyrkje der eg vart døypt, konfirmert og gifta meg........

Etter ein butikkrunde i Førde på føremiddagen tok eg strake vegen heim att over Vikafjellet.....
Nesten to dagar utan pc......abstinensen er "påtageleg".......mange bloggar eg skulle sett innom, men no må eg ut og rake.
Ha ei flott helg!

tirsdag 11. august 2009

Ein vanskeleg kunde??


I dag vil er refere til ei hending eg hadde i ein klesbutikk sist veke........
Skulle kjøpe to presangar..var fyrst innom og sa då at eg ville berre kikka litt, men fann ikkje noko...
Gjekk seinare inn att, og sa eg ville gjerne ha hjelp til å finne noko som passa......
Damo i butikken var svært so velvillig.......(var eit par andre kundar der samstundes)
Etter ei stund kjem den eine kunden til kassen .....damo går til kassen og ekspederer (tok litt tid, ja...).......kjem tilbake og seier: "det vart visst litt venting på deg"......
Me leitar vidare.......kunde nr 2 kjem til kassen , damo forlèt meg igjen ...går til kassen og ekspederer igjen.
Damo går til lageret og skal sjå etter ei jakke (til meg)....på veg inn att ringjer telefonen i butikken .....tydelegvis ein kunde på tråden som vil ha pris på eit eller anna..... damo leitar rundt i butikken etter pris........og her var dei slutt på mi tolmodigheit, eg la varene ifrå meg og gjekk uten eit ord.....og eg var langtifrå blid.
Vel heime att fortalde eg denne hendinga til sonen.......som i klare ordelag sa ifrå at eg hadde oppført meg dumt...og at eg var ein sær og vanskeleg kunde....
Der fekk eg den!
Inga stor sak, men eg meiner framleis at eg har rett, når eg fyrst "var i gang" skulle eg gjere ferdig handelen før neste kunde vart ekspedert.

Eller?

lørdag 8. august 2009

Ein ny epoke.....

Høyrest voldsomt alvorleg ut, detta, i dag. Og det er det igrunn òg........det kjennest iallfall slik ut, at ein ny epoke startar i dag. Børge, som er yngstemann har drege av garde til Oslo med flyttelass...... Bonden køyrer og eg er heime og passar det som treng pass her....Sidan han skal leige ein møblert hybel var det ikkje noko sværa flyttelass, men ein del saker og ting vert det uansett.

Sjølv om det er vemodig at han reiser , er me sjølvsagt glad for at han kom inn på Musikkhøgskulen, og får ta den utdanninga han har bestemt seg for.

Men litt "tomt og rart" vert det her heime....
So får me håpe at det går han vel......og at han vil trivast med studentlivet.

I går feira to barnebarn 2- og 5-årsdag .........og besta trødde til med ei prinsessekake.


Masse gode kaker og ei koseleg feiring med heile familien på plass.
God sundag i vente!

onsdag 5. august 2009

Blomkarse og sying.

Skal ikkje på nokon måte skryte på meg at eg er flink med blomar.......jau, skulle gjerne at den flott hagen å vise fram, men desverre, slik er det ikkje.....
Men ein del av det eg sådde i vår kan so absolutt synast for folk........f.eks blomkarsen.
Har ein følelse av at blomkarse er det ein tyr til når ein ikkje får til noko meir "avansert",( er det rett? ) men eg synest den er fin, eg...


Ein liten handletur til Åsane i dag, yngstemann i huset skal nemleg ut og stå på eigne bein (les: flytte på hybel) og då er det litt av kvart ein treng av husgeråd..........
Ein kjapp tur til Stoff & Stil er heilt uunngåeleg når ein likevel er på dei kantar.......nokon meter av dette stoffet skal på ein måte "koblast" med det store syprosjektet eg driv på med...


..og som eg har omtalt før......håpar det skal bli ferdig i løpt av ei veke, er litt lei no........


No skal me ut og jobbe.....og det regnar!!!!!

mandag 3. august 2009

Mjøsmarknaden...m/innlagt bloggtreff

Sist torsdag annonserte eg visstnok at neste innlegg skulle kome frå Austlandet, men der overvurderte eg nok meg sjølv.......å lage blogginnlegg var det eg tenkte minst på........etter 7 timar på Mjøsmarknaden laurdag

Me reiste heimifrå i pøs regn, me det vart bedre og bedre di lenger aust vi kom......laurdagen var bortimot strålande...snakk om flaks.

Vel over fjellet på heimveg var det igjen regn, ja.....

På Mjøsmarknaden var det som vanleg høve til å kjøpe "det meste"....(etter bonden sitt utsagn er 90% skrot.......)




Brukte hydraulikkslangar...er det nokon som kjøper det??? ..(lurte bonden på)

Litt handel vart det i år òg...mest ting som skal "vidareforedlast" og (forhåpentlegvis) seljast på messer nærmare jul.....

Ekstra spennande var det i år....hadde nemleg avtale eit lite møte med Gamleheksa som bur på Toten...........var ganske spent på å møte ei dame ein har blitt kjent med gjennom blogginga. Saman med dottera mi i Rosa Univers hadde me eit ørlite bloggtreff......"Kaffipausen" gjekk utruleg fort, praten gjekk lett og det heile var ei særdeles hyggjeleg oppleving. Og eg kan forsikre deko: Her er ikkje namnet mykje betegnande: Dama ser både ung og flott ut...slett ikkje ei gammal heks!!!So da so! Tusen takk ei hyggjeleg stund!!!
Bloggtreff gav meirsmak!!!!

Etter å ha besøkt slekt her og der........tok me på heimveg utpå sundagen........
Her skulle eg gjerne vore innom, men me var nok for seint ute.......



Fin pynt utanfor......

Me tok vegen over Valdresflya heim att........ var heime seint på kvelden....etter ei flott helg!!!

I dag er det litt "dagen derpå"....men sola skin!!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...